Hopp til navigasjon Hopp til innhold

Kristine Tofte: Egalias døtre av Gerd Brantenberg

Kristine Tofte. Foto: Paal AudesatdDagens leser er  Kristine Tofte - psykolog og forfatter bosatt på Stord. Hun debuterer med boka Song for Eirabu i 2009 og blogger på haustljos.wordpress.com. I dag på kvinnedagen 8. mars skriver hun om Egalias døtre av Gerd Brantenberg.

 

 

Norge er eit uland når det kjem til fantasylitteratur, men vår kanskje viktigaste roman er faktisk ein fantasyroman.

Austerrikes store modernist Hermann Broch meinte at det å oppdage noko berre ein roman kan oppdage gir romanen dens einaste rett til eksistens, - den romanen som ikkje oppdagar ei til då ukjend side ved tilværet er ein umoralsk roman. I så fall er Gerd Brantenbergs Egalias døtre frå 1977 eit ruvande moralsk verk.

I Egalias døtre møter me eit djupt kjønnskonservativt samfunn, berre at all kjønning i språk, klede, namn, yrkesliv og sosiale roller er spegelvende. Kvinnene heiter Gro og Mai, er kortfatta, brautande og forsørger familien. Seksualitet er ei feminin kraft (der penis ikkje treng vere erigert for å kunne gi kvinna den klitorisorgasmen som er det naturlege målet for eitkvart seksuelt samkvem), medan menn er pyntesjuke, pludrande omsorgspersonar med lange, fjollete namn. Den unge mannen Petronius ønsker å bli mannleg froskekvinne og startar maskulinistrørsle, og møter skepsis og latterleggjering.

Då eg las boka som tenåring var det som verda endra seg for alltid. Eg forsto brått korleis språk fargar alt eg ser, korleis forteljingane me deler former verda me ser, og korleis ein roman har kraft i seg til å vise oss alt dette.

Brantenberg utstyrte meg med språkleg sverd og skjold av innsikt i mitt møte med ei verd som kjønnar individuelle og universelle eigenskapar. Om ei einaste norsk roman skulle vore ungdomsskulepensum, var det denne.

Lån Egalias døtre av Gerd Brantenberg på biblioteket