Olav H. Hauge skapte ofte i fortviling over kor lite han fekk til, i tvil og mistru overfor orda som skulle tene til så mykje, men som verka så skrøpelege og enkle og inkjeseiande i høve til alt og alle som betyr noko. Likevel måtte han dikte, og litt etter litt fekk han sterkare tru på det han gjorde. Dette er merkbart i sjølve dikta, der han både kan leike og le og vere ikkje så lite sjølvironisk over "ein skrøpeleg sonett". Dikt i samling vitnar om ein diktar som tidleg visste kva han gjorde, sjølv om det personlege uttrykket og meisterskapet i å skape vers kom sakte og litt etter kvart. Han visste at det ikkje galdt om å vere meister eller gjere meisterlege dikt; det gjeld derimot om å gjere det beste ut av det ein er der ein er sett, og så leve med det. Slik kjem Hauges dikt i stor grad til å handle om det å tenkje i dikt; om korleis ein når innsyn, vinn erfaring og vidareformidlar det ein observerer, forstår og kjem fram til - slik at andre kan lese og tenke og lære. Det er kanskje ikkje slik at dikt må vere bodskap om opplevingar og røynsler og erkjenning som kan finne atterklang hos lesaren og bli vadesteinar i ei kald elv slik Hauge skriv. Men Hauges dikt synest på heilt uvanleg vis nettopp å ha vore til hjelp og trøyst og støtte i tunge stunder i livet. Dei har vore det nettopp på grunn av det smålåtne og stillfarande, eller fordi dikta syner ein roleg aksept av dei vilkåra livet nå eingong byd oss. Ved ikkje å vere aktuell til ei kvar tid er Hauge evig aktuell; ved ikkje å vere ein diktar for dagen, er han ein diktar for morgondagen og for alle dagar. Eller med andre ord: han er diktar i eigenleg forstand, og visste sjølv at det var absolutt nødvendig å dikte for å leve og kjenne at han var i live. Han måtte skrive, og vi skal vere glade for at han hadde det slik så lenge. Kan diktaren hjelpe oss til å ta vare på det beste av heimaarven vår og samstundes sjå utover det som stengjer og bind, kan han halde fast ved draumen om eingong ein morgon å leggje ut på ein ny og blank våg, kan han innsjå og formidle at lukke og venleik kan skapast i verda, ja, da vil diktaren ha eit langt etterliv i norsk bokheim. Det finst ein tone av resignasjon bak skeiv flir og ironi, men og sterk vilje til å akseptere si rolle og sin plass. Og til alle tider finst her enno plass for lengt og draum, for hjartas evige uro, for sjelas ubotelege einsemd: Brevet frå deg er blitt ein månad gamalt, gleda er blitt for stor, vi må gli inn i svevn og draum. Kanskje kan samhug og samkjensle skapast her nede, om vi held fast på at det vi diktar opp skal kunne sprenge fjell så grunnvatnet stig eller at dikting kan vere sannare enn røynsle. Når ein klok mann som ser godt etter eit langt liv i kunstens teneste, smir det presise uttrykket, gjev han oss høve til å sjå ikring oss i ei mørk verd, slik at vi plutseleg og uventa ser samanhang og meining av nytt slag. Hos Olav H. Hauge har vi dette klårsynet ofte, gitt vidare til lesaren slik at innsikter og djupner opnar seg for han - ofte av eit slikt slag at ein må tilbake til dikta mange gonger for å fatte og skjøne. |
